Autosøk

Skipsførar Lote-Anda

Fjord1 AS

Lote-Anda, 6778 Lote

Stillingsbeskrivelse

Skipsførar i sambandet Lote - Anda

Vi ser etter ein ny skipsførar til MF Gloppefjord. Her får du ein familievenleg turnus med mykje fri, der du går 2 veker på 3 veker av. Lote-Anda var Norges fyste heilelektriske fergesamband.

Som skipsførar er du ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving. Stillinga krev at du er løysningsorientert og likar å arbeide operativt. Du arbeider tett med mannskapet om bord og med administrasjonen på land for å ivareta stabil drift på sambandet.

Arbeidsoppgåver

  • Sikkerheitsstyring og energileiing.
  • Ansvarleg for teknisk, operativ, personleg og miljømessig tryggleik.
  • Leiar om bord med ansvar for energieffektiv drift gjennom oppfølging av SEEMP-tiltak og ISO 50001.

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktige vilkår etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attraktive velferdsordningar som firmahytter, leiligheter og gode rabattordningar.
  • Bolig til disponering i nærleiken av sambandet.

Krav

  • Du må inneha minimum D3-sertifikat.
  • Du må ha gyldig GMDSS/ROC-sertifikat.
  • Du må ha gjennomført sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
  • Du må ha kurs i krise- og passasjerhandtering.
  • Du må kunne framvise gyldig helseerklæring.

Ferdigheter

Maritim operasjon og leiingSikkerheitsprosedyrerEnergileiing (ISO 50001)KommunikasjonBeslutningstakingOperativ drift

Erfaring

mid-level

Lignende jobber