Autosøk

Kultursjef

Samfunn, kultur og miljø, Kinn kommune

Gate 1 64, 6700 Måløy, Markegata 51, 6905 Florø

Stillingsbeskrivelse

Kultursjef

Kinn kommune har høge ambisjonar om å vere ein tydeleg samfunnsutviklar og leverandør av gode tenester. For å gjere dette treng vi dyktige og motiverte leiarar og medarbeidarar. Kommunen sin samfunnsplan gir kultur ei sentral rolle i samfunnsutviklinga og i møte med nye omstillingskrav.

Det er no ledig fast stilling som kultursjef. Dette er ei leiarstilling innanfor eit felt der samfunnsutvikling, tenesteproduksjon, samarbeid med frivilligheita, næringsliv, kulturliv, innbyggjarar og internt i kommunen er det sentrale. Stillinga er organisert under kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø.

Kulturområdet har i underkant av 30 årsverk, innan følgjande fagavdelingar: kulturskulen, ungdomsarbeid, bibliotek, kulturhusdrift, og frivilligheit. Fagområda er organisert med kvar sin avdelingsleiar/rektor. I tillegg kjem stabsarbeid/sakshandsaming/idrett.

Det er bestemt at kulturskulen og kulturtenesta skal slås saman til ei teneste, leia av ein kultursjef. Den vedtekne samanslåinga av kulturtenesta og kulturskulen er meint å gje ei meir samordna og kraftfull satsing på kultur i kommunen. Ny kultursjef vil få ansvaret for å sette i verk denne samanslåinga.

Arbeidsoppgåver

  • Leie kulturområdet med ansvar for følgjande fagområde/avdelingsleiarar, kulturskulen, bibliotek, kulturhusa, ungdomsarbeid og frivilligheit.
  • Sette dagsorden for den faglege utviklinga og drift innanfor tenesta sine felt.
  • Dialog og samarbeid med frivillige organisasjonar og profesjonelt kulturliv vil vere heilt sentralt.
  • Sette kultur på dagsorden i møte med omstillingskrav og utviklinga av samfunnet som heilskap.
  • Forvaltning av søknadsordningar.
  • Fullføre samanslåingsprosessen mellom kulturtenesta og kulturskulen.
  • Personalleiing og økonomistyring.

Krav

  • Du må ha høgare utdanning innan kulturfag frå høgskule eller universitet.
  • Du må ha dokumentert leiarerfaring.
  • Du må ha erfaring frå offentleg forvaltning eller anna relevant erfaring.
  • Du må ha erfaring frå utviklingsarbeid.
  • Du må vere samarbeidsorientert og ha god evne til å bygge relasjonar internt og eksternt.

Ferdigheter

PersonalleiingØkonomistyringSamfunnsutviklingEndringsleiingRelasjonsbyggingForvaltningStrategisk planlegging

Erfaring

senior

Lignende jobber