Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Er du vår nye LIS3?
Radiologisk avdeling ved Førde sentralsjukehus søkjer etter ein lege i spesialisering (LIS3) i radiologi. Vi tilbyr ein trygg og lærerik start på karriera di med tett oppfølging i eit inkluderande fagmiljø.
Kvifor velje Førde?
- Ein trygg start i eit oversiktleg sjukehusmiljø der du blir sett og fulgt opp.
- Variert praksis og erfaring med bildediagnostikk.
- Tett rettleiing frå erfarne spesialistar og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Eit sosialt og støttande arbeidsmiljø med låg terskel for å stille spørsmål.
Stillinga inneheld vakt i 6-delt vaktskikt, og noverande arbeidsplan gir ei friveke kvar sjette veke.
Dette får du hos oss:
- Eit LIS-løp med god struktur og individuell oppfølging.
- Kurs og undervisning som støttar spesialiseringa di.
- Moglegheit for å delta i forsking og fagutvikling.
- Sosiale arrangement og eit inkluderande kollegium.
Om avdelinga
Avdelinga har omlag 70 tilsette, der 20 er legar. Ved seksjonen i Førde har vi moderne utstyr inkludert CT, MR, konvensjonell røntgen, mammografi, gjennomlysing/intervensjon/angio og ultralyd.
Krav
- Du må vere ferdig med medisinstudiet og ha gjennomført LIS1.
- Du må ha eit ønske om å spesialisere deg innan radiologi.
- Du må vere nysgjerrig og lærevillig.
- Du må kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og ønskje å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Ferdigheter
BildediagnostikkRadiologiMedisinsk utgreiingTeamarbeidKommunikasjonLærevilje
Erfaring
junior