Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Skipsfører i sambandet Stårheim-Isane
Vi ser etter ein erfaren, trygg og solid skipsførar til sambandet Stårheim-Isane. Familievenleg turnus med døgnskift. Du går 2 veker på, 1 veke av. Deretter 2 veker på, 3 veker av.
Stabil og trygg drift på sambandet er avgjerande for lokalsamfunnet, og du blir ein viktig bidragsytar i det arbeidet. Du får ei nøkkelrolle som leiar i eit engasjert team, der du får arbeide løysningsorientert og operativt.
Arbeidsoppgåver
- Sikkerheitsstyring
- Energileiing
- Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
- Ansvarleg for personleg tryggleik
- Ansvarleg for miljømessig tryggleik
- Skipsførar er leiar ombord
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Krav
- Du må inneha minimum D3 sertifikat.
- Du må ha gyldig ROC/GMDSS sertifikat.
- Du må ha gjennomført sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
- Du må ha kurs i krise- og passasjerhandtering.
- Du må ha gyldig helseattest.
- Grunna døgnskift bør søkar bu lokalt, helst innan 1 time frå arbeidsstaden.
Ferdigheter
SkipsføringLeiareigenskaparSikkerheitsstyringEnergileiingISO 50001Operativ drift
Lønn
Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Offisersforbund
Erfaring
senior