Autosøk

Helsesjukepleiar 100% fast stilling

Om avdelinga:

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Stillingsbeskrivelse

Om avdelinga:

Familiehelsetenesta består av 4 helsestasjonar med jordmorteneste, helsestasjon- og skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom og flyktninghelseteneste. Vi har ledig stilling som helsesjukepleiar i helsestasjon- og skulehelsetenesta. For tida er omlag 80% av stillinga knytt til arbeid på Tjeldstø og Toftøy skular. Stillinga er ledig frå medio september.

Du vil koma til eit engasjert fagmiljø der du vil arbeide tett med andre faggrupper. Øygarden kommune har ei helsestasjon- og skulehelseteneste som er samansett av engasjerte og fagleg dyktige helsesjukepleiarar og legar. Tilsette som arbeider i skulane har faste fagmøte og eigen fagansvarleg leiar. Skulehelsetenesta har gode samarbeidsrutinar med skulane.

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid i skulehelsetenesta.
  • Individuelle konsultasjoner og gruppe.
  • Undervisning.
  • Foreldrerettleiing.
  • Tverrfaglig samarbeid på individ og systemnivå.
  • Delta i fagutvikling.

Krav

  • Du må vere autorisert helsesjukepleiar eller vere i utdanningsløp til helsesjukepleiar.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Du må ha førarkort og disponere bil i tenesta.
  • Det er krav om politiattest for stillinga.
  • Du må vere ein positiv lagspelar som er trygg i rolla di.

Ferdigheter

Førebyggjande helsearbeidRettleiingTverrfagleg samarbeidKommunikasjonRelasjonsbyggingDataferdigheter

Erfaring

mid-level

Lignende jobber