Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Omvisar til Borgund stavkyrkje juli-september
Vi søker fleire museumsvertar til Borgund stavkyrkje. Har du interesse og kunnskap om kulturhistorie? Likar du å omgås folk, og er glad i, og har erfaring frå å formidle, er du den rette for oss!
Arbeidsoppgåver
- Ta imot og informere besøkande, billett- og butikksal.
- Omvisning på norsk og engelsk. Også andre språk er ynskjeleg.
- Dagleg tilsyn i utstillingane og museumsbutikk.
- Opne og stenge stavkyrkja.
- Reingjering.
- Andre førefallende oppgåver.
Me tilbyr
- Ein spennande og interessant arbeidsplass.
- Unik mulegheit til å bli kjend med vår nasjonale kulturarv i autentiske omgjevnader.
- Sosialt og internasjonalt arbeidsmiljø.
- Opplæring.
- Rettferdig løn.
- Hjelper til med å skaffe husvære.
Krav
- Du må vere flink til å uttrykke deg munnleg på fleire språk.
- Du må trivast med å arbeide med menneske.
- Du må vere fleksibel og kunne jobbe i helger.
- Du må vere serviceinnstilt og kunne tilpasse deg varierte oppgåver.
- Du må kunne formidle og guide på engelsk, i tillegg til norsk eller andre språk som italiensk, fransk, tysk eller spansk.
Ferdigheter
FormidlingKundeserviceSpråkferdigheiterSalgKulturhistorisk forståing
Erfaring
entry-level, junior