Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Om arbeidsstaden
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette, leia av kommunalsjef. Eininga omfattar pleie- og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergo- og fysioterapitenesta, miljøarbeidartenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid.
Om stillinga
Vil du ha ein jobb der du verkeleg gjer ein forskjell i kvardagen til andre? Ved Lindevika buteneste blir du ein del av eit engasjert og fagleg sterkt miljø som jobbar tett på menneske med nedsett funksjonsevne. Vi har no ledig 80% nattevaktstilling. I tillegg har vi ledige helgestillingar med varierande stillingsprosent.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Gi praktisk hjelp og støtte i kvardagen til personar med nedsett funksjonsevne.
- Vere ein trygg og stabil vaksenperson som legg til rette for gode relasjonar, meistring og sosial deltaking.
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar og miljøterapeutiske tiltak tilpassa den enkelte sine behov.
- Bidra til målretta miljøarbeid og oppfølging i tråd med vedtak og tiltaksplanar.
- Medisinhandtering og -administrasjon for tilsette med helsefagleg kompetanse og gyldig delegasjon.
Vi tilbyr
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit positivt og kompetent fagmiljø.
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver med spanande utfordringar.
- Løn etter kvalifikasjonar.
- Turnustillegg der det er aktuelt.
- Årsturnus med moglegheit for å påverke eigen arbeidstid.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Krav
- Du må ha fagbrev som helsefagarbeidar.
- Du må ha god digital kompetanse.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må kunne vise gyldig politiattest ved tilsetting.
Ferdigheter
HelsefagarbeidMiljøarbeidMedisinhandteringDokumentasjonRelasjonsbyggingSamarbeidsevner
Erfaring
entry-level