Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Vil du sette kultur på dagsorden i Kinn kommune?
Kinn kommune har høge ambisjonar om å vere ein tydeleg samfunnsutviklar og leverandør av gode tenester. Det er no ledig fast stilling som kultursjef. Dette er ei leiarstilling innanfor eit felt der samfunnsutvikling, tenesteproduksjon, samarbeid med frivilligheita, næringsliv, kulturliv, innbyggjarar og internt i kommunen er det sentrale.
Arbeidsoppgåver
- Leie kulturområdet med ansvar for fagområde som kulturskulen, bibliotek, kulturhusa, ungdomsarbeid og frivilligheit.
- Sette dagsorden for den faglege utviklinga og drift innanfor tenesta sine felt.
- Dialog og samarbeid med frivillige organisasjonar og profesjonelt kulturliv.
- Sette kultur på dagsorden i møte med omstillingskrav og utviklinga av samfunnet som heilskap.
- Forvaltning av søknadsordningar.
- Fullføre samanslåingsprosessen mellom kulturtenesta og kulturskulen.
- Personalleiing og økonomistyring.
Vi tilbyr
- Ein arbeidsgjevar som ynskjer å leggje til rette for samfunnsutvikling.
- Eit godt etablert leiarnettverk med «låg terskel» mellom ulike avdelingar og fagfelt i kommunen.
- Godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer.
- Fleksibel arbeidstid.
- Løn etter avtale og medlemsskap i offentleg pensjonsordning KLP.
Krav
- Du må ha kulturfagleg høgare utdanning frå høgskule eller universitet.
- Du må ha relevant leiarerfaring.
- Du må ha erfaring frå offentleg forvaltning eller anna relevant erfaring.
- Du må ha erfaring frå utviklingsarbeid.
Ferdigheter
PersonalleiingØkonomistyringSamfunnsutviklingOmstillingsleiingRelasjonsbyggingStrategisk planleggingForvaltning
Erfaring
senior