Autosøk

Sjukepleiar

Vi har ledig 75% vikariat for sjukepleiar p.t på natt frå snarast, vil du vere med på laget vårt?

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Stillingsbeskrivelse

Sjukepleiar

Vi har ledig 75% vikariat for sjukepleiar p.t på natt frå snarast, vil du vere med på laget vårt?

Allmenn- og alderspsykiatri

SNR ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk sjukepleiar med nok audmjukheit til å kjenne sin eigen styrke og begrensningar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det.

Seksjonen vår er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåvene til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD), alvorleg depresjon, angstliding, alvorleg spiseforstyrring og andre alvorlege psykiske lidingar. Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing.
  • Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollegaer i sengeposten og poliklinikk.
  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak.
  • Halde seg fagleg oppdatert og følgje seksjonen sine kompetansehevingstiltak.
  • Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane.
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid.
  • Ein inkluderande arbeidsplass.
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar.
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.

Krav

  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
  • Du må vere fysisk og psykisk eigna til stillinga.
  • Du må vere omstillingsdyktig og fleksibel.
  • Du må vere ein god relasjonsbyggar med evne til tverrfagleg samarbeid.

Ferdigheter

SjukepleieMiljøarbeidPsykiatriPasientoppfølgingTverrfagleg samarbeidRelasjonsbygging

Erfaring

mid-level

Lignende jobber