Autosøk

Kokk

FINN-kode

Trolladalen 30, 6856 Sogndal

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Vil du lage god, sunn og berekraftig mat - og trivast med ein variert arbeidskvardag med både à la carte, buffet og catering? Spise Sammen Sogndal søkjer ein engasjert og sjølvstendig kokk til teamet vårt på campus.

Etter ei omfattande oppgradering av serveringstilbodet har vi no eit moderne og variert konsept. Vi tilbyr mellom anna ferskbakt pizza på bestilling frå vårt nye pizzahjørne, eit breitt varmmattilbod med både buffet og middagsrettar, samt eit betydeleg volum av møte- og cateringbestillingar internt på campus.

Som kokk hos oss får du ein variert arbeidskvardag med både produksjon, planlegging og gjennomføring av bestillingar. Du vil jobbe tett med kollegaer og leiar for å sikre høg kvalitet og gode matopplevingar for kundane våre.

Hos oss får du føreseielege arbeidstider måndag-fredag, sesongbaserte feriar og eit inkluderande arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå.

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av varm og kald mat til serveringstilbodet
  • Produksjon av pizza i det nye pizzakonseptet vårt
  • Produksjon og klargjering av catering og møtemat
  • Levering og oppfølging av catering på campus ved behov
  • Bidra i dagleg drift og planlegging saman med leiar
  • Salg og service ut til kunde
  • Sikre kvalitet, reinhald og etterleving av IK-mat
  • Bidra til godt samarbeid og eit profesjonelt arbeidsmiljø

Krav

  • Du må ha fagbrev som kokk og minimum 3 års relevant erfaring.
  • Du må ha gode kunnskapar om IK-mat og HACCP.
  • Du må beherske norsk munnleg og skriftleg, samt munnleg engelsk.
  • Du må ha erfaring med enkle dataverktøy.
  • Du må vere strukturert, sjølvstendig og ha fokus på kvalitet og god service.

Ferdigheter

Matlaging (à la carte, buffet, catering)IK-mat / HACCPPizza-produksjonKundebehandling og serviceSamarbeidsevnerStrukturert arbeidsmetodikk

Lønn

Lønn etter tariff

Erfaring

mid-level

Lignende jobber