Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Rådgjevar byggesak
Har du lyst på ein spennande jobb med varierte oppgåver innan plan- og bygningslova? Årdal kommune søkjer ein engasjert rådgjevar/sakshandsamar til plan- og byggesaksavdelinga vår i ei 100% fast stilling. Det blir lagt til rette for at vedkommande over tid vert ein del av overordna vaktberedskap innan brann i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Vurdere og handsame søknader, dispensasjonar og klager i samsvar med plan- og bygningslova
- Gje rettleiing og råd til innbyggjarar, utbyggjarar og arkitektar
- Tilsyn oppgåver etter plan og bygningslova
- Ajourhald av matrikkel
- Delta i tverrfagleg samarbeid internt i kommunen
- Overordna vaktberedskap innan brann
Kva me tilbyr
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit fagfelt i utvikling
- Godt og uformelt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid og gode ordningar for avspasering
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Krav
- Du må ha relevant høgare utdanning, gjerne innan tekniske fag, beredskap eller samfunnssikkerheit.
- Du må ha godt kjennskap til og interesse for plan- og bygningsrett.
- Du må meistre norsk munnleg og skriftleg godt.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må vere sjølvstendig, effektiv og løysingsorientert.
Ferdigheter
Plan- og bygningslovaSakshandsamingRettleiingTilsynMatrikkelføringDigital kompetanseSamarbeidsevner
Erfaring
mid-level