Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Miljøterapeutar fast helg og natt
Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Bregnetunet, har ledig 1 x 87 % fast våken nattevakt stilling som miljøterapeut, med arbeidshelg kvar 3. helg, samt at ein har vakter i turnus som ein får vere med ungdomane på dag/kveld. Vi har også ledig 25 % helgestilling, som jobbar kvar 4. helg.
Sogn og Fjordane ungdomssenter gir omsorg og oppfølging til ungdom som treng plassering utanfor heimen. Arbeidet er forankra i traumebevisst omsorg, miljøterapi og relasjonsbygging, med mål om å styrkje ungdom si sjølvkjensle, sjølvregulering og evne til å skape gode relasjonar og ta gode val.
Arbeidsoppgåver
- Du deltek og har ansvar for møter som omhandlar ungdomane.
- Du deltek i fagmøter og rettleiing.
- Du utfører praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane.
- Du utfører rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via intern dokumentløysing.
- Du deltek i overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutinar i institusjon.
- Praktiske og fysiske arbeidsoppgåver er ein del av arbeidskvardagen.
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg standard og gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling. Du vil få rettleiing og jobbe saman med støttande kollegaer i ein meiningsfull kvardag, med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
Krav
- Det vert i utgangspunktet krevd treårig høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Søkere må ha førarkort for personbil.
- Du må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Det vert lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon.
- Du må ha god fysisk og psykisk helse for å handtere krevjande situasjonar.
Ferdigheter
Lønn
420 000 – 690 000 NOK per år avhengig av utdanning og erfaring
Erfaring
mid-level