Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Nattevakt i Lindevika buteneste
Vil du ha ein jobb der du verkeleg gjer ein forskjell i kvardagen til andre? Ved Lindevika buteneste blir du ein del av eit engasjert og fagleg sterkt miljø som jobbar tett på menneske med nedsett funksjonsevne.
Vi har no ledig 80% nattevaktstilling. I tillegg har vi ledige helgestillingar med varierande stillingsprosent, som eignar seg godt for studentar eller deg som ønsker fleksibilitet.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Gi praktisk hjelp og støtte i kvardagen til personar med nedsett funksjonsevne.
- Vere ein trygg og stabil vaksenperson som legg til rette for gode relasjonar, meistring og sosial deltaking.
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar og miljøterapeutiske tiltak tilpassa den enkelte sine behov.
- Bidra til målretta miljøarbeid og oppfølging i tråd med vedtak og tiltaksplanar.
- Sikre at tenestemottakarane får fagleg forsvarlege tenester i samsvar med vedtak.
- Delta i dokumentasjon og oppfølging i fagsystem.
- Medisinhandtering og -administrasjon for tilsette med helsefagleg kompetanse og gyldig delegasjon.
Krav
- Du må ha fagbrev som helsefagarbeidar.
- Du må ha god digital kompetanse.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du må kunne vise gyldig politiattest ved tilsetting.
Ferdigheter
HelsefagarbeidMiljøarbeidMedisinhandteringDokumentasjon i fagsystemRelasjonsbyggingTverrfagleg samarbeid
Erfaring
junior