Ledige sjukepleie- og helsefagarbeidarstillingar i tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Heimetenesta
Vågå Kommune Heimetenestene
Vågå
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Ledige sjukepleie- og helsefagarbeidarstillingar i tenesteområdet Helse- og omsorg, avdeling Heimetenesta
Ved Heimetenesta i Vågå kommune møter du eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø der humor, tryggleik og samarbeid står sentralt. Vi legg vekt på gode pasientforløp, har høgt fagleg fokus og eit nært samarbeid med institusjon Vågåheimen, legetenesta, tenestemottakarar og pårørande.
Vi har no fleire ledige stillingar for deg som er både sjukepleiar og helsefagarbeidar, eller har byrja på desse utdanningane. I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift.
Vi har ledig føljande stillingar:
- 100% fast helsefagarbeidar
- 75% vikariat helsefagarbeidar - ledig ut 2027
- 100% vikariat sjukepleiar - ledig ut 2027
Stillingane har arbeid i turnus på dag, kveld og helg.
Arbeidsoppgåver:
- Ordinære oppgåver ut frå profesjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
- Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp
- Samarbeid med institusjon Vågåheimen, brukarar, pårørande og andre aktuelle samarbeidspartar
- Ansvarsvakt for sjukepleiarar
Krav
- Du må ha autorisasjon som sjukepleiar eller fagbrev som helsefagarbeidar, eventuelt vere under utdanning innan desse faga.
- Du må ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, minimum tilsvarande nivå B1.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Du må vere fagleg engasjert og ansvarsbevisst med evne til å arbeide sjølvstendig.
- Du må ha gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner.
Ferdigheter
SjukepleieHelsefagarbeidTverrfagleg samarbeidPasientoppfølgingTurnusarbeidVelferdsteknologi
Erfaring
junior