Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Barn og unge habilitering har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut/ spesialfysioterapeut ved Førde sentralsjukehus. Vi søkjer ein engasjert fysioterapeut som ønskjer å vere med og gjere ein forskjell for barn og unge med medfødde eller erverva funksjonsnedsetjingar.
Arbeidsoppgåver
- Undersøkje, kartleggje og vurdere motorisk funksjon hos barn og unge.
- Planleggje og gjennomføre fysioterapeutiske tiltak, med hovudvekt på rettleiing av foreldre, kommunale tenester og andre samarbeidspartnarar.
- Delta i tverrfagleg utgreiing og oppfølging.
- Bidra i ambulant verksemd og samarbeidsmøte i kommunane.
- Dokumentere og journalføre i tråd med gjeldande rutinar og kvalitetskrav.
- Delta i utviklingsarbeid, kvalitetsforbetring og fagutvikling i seksjonen.
Vi tilbyr
- Ei spennande og variert stilling med stor fagleg breidde.
- Eit sterkt tverrproffesjonelt fagmiljø med høg kompetanse.
- Gode moglegheiter for kontinuerleg læring, fagutvikling og kompetanseheving.
- Moglegheit til å ta i bruk kunstig intelligens (KI) som støtte i journalskriving og dokumentasjon.
- Mentor-/fadderordning for nytilsette.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som fysioterapeut.
- Du må ha interesse for habilitering og arbeid med barn og unge.
- Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå habilitering eller kommunehelsetenesta.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå tverrprofesjonelt samarbeid.
- Det er ønskjeleg med førarkort klasse B.
Ferdigheter
FysioterapiHabiliteringTverrfagleg samarbeidRettleiingKartlegging og vurderingDokumentasjon og journalføring
Erfaring
entry-level