Autosøk

Helgestillingar - Heimetenester Os

Har du eit hjarta for eldreomsorg med ønske om ein god arbeidsplass og spennande utfordringar?

Holen 1, 5200 Os

Stillingsbeskrivelse

Helgestillingar - Heimetenester Os

Har du eit hjarta for eldreomsorg med ønske om ein god arbeidsplass og spennande utfordringar? Då kan du vera den rette for oss! Vi har ledig faste helgestillingar i omlag 12 % stilling frå snarast.

Arbeidsstad

Heimetenester Os - Fleire avdelingar

Arbeidsoppgåver

Vårt mål er at alle brukarar skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Stillinga inneber difor praktisk bistand i private heim. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Du vil sjølvsagt få opplæring der arbeidsoppgåvene i hovudsak er:

  • Pleie og miljøarbeid i brukar sin heim (t.d. personleg hygiene, tilberede mat, administrere og utlevere medisinar)
  • Motivere brukar til å vere best i stand til å klare seg sjølv
  • Snakke med og støtte brukar

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande avtalar.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Krav

  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Du må ha gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar utanfor Norden må ha bestått norsk-kurs nivå B1/B2.
  • Du må kunne leggja fram politiattest.
  • Vi søkjer helsefagarbeidarelever, sjukepleiarstudentar eller andre med relevant helsefagleg erfaring, men andre kan også søkje.

Ferdigheter

Pleie og omsorgMedisinhandteringMiljøarbeidKommunikasjonSamarbeidsevnerSjølvstendig arbeid

Erfaring

entry-level

Lignende jobber