Autosøk

Avdelingsleiar/skuleårsplanleggar

OPK-AR - Årstad vgs, Vestland fylkeskommune

Fjøsangerveien 38, 5053 Bergen

Stillingsbeskrivelse

Avdelingsleiar/skuleårsplanleggar

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, samt innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring.

Til leiargruppa søkjer vi etter ein tydleg, trygg og samarbeidsorientert avdelingsleiar. Du vil ha overordna ansvar for det skuleadministrative systemet (InSchool) og skuleårsplanlegginga. Du jobbar tett saman med ein annan leiar om denne oppgåva.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for skuleårsplanlegging og drift av InSchool
  • Fagleg og pedagogisk ansvar for opplæringa innanfor eit eller fleire fagområder
  • Personal- og økonomiansvar
  • Utvikling av undervisninga i samsvar med Fagfornyinga, Mål og stategiar for vidaregåande opplæring i Vestland og skulen sin utviklingsplan
  • Undervisning kan bli tillagt stillinga

Vi tilbyr

  • Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram
  • Eit spanande, godt fagleg og sosial arbeidsmiljø med variert tverrfagleg samarbeid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Krav

  • Du må ha undervisningskompetanse i vidaregåande skule.
  • Du må vere systematisk, nøyaktig og løysningsorientert i arbeidet ditt.
  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du må vere ein tydleg, trygg og open leiar med ein inkluderande leiarstil.
  • Det er eit vilkår om godkjend politiattest av ny dato for å bli tilsett.

Ferdigheter

SkuleårsplanleggingInSchool (skuleadministrativt system)Pedagogisk leiingPersonalansvarØkonomistyringFagfornyinga

Erfaring

mid-level

Lignende jobber