Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Rådgjevar - Nasjonal Serviceteneste
Nav hjelpemiddelsentral Vestland Førde utvidar den nasjonale servicetenesta med to nye stillingar. Vi ser etter deg som har eit brennande engasjement for gode tenesteopplevingar og Nav sitt samfunnsoppdrag.
Servicetenesta er NAV Hjelpemiddel og tilrettelegging si faglege førstelinje på hjelpemiddelområdet, og skal sikre at tenestene er tilgjengelege, effektive og brukarvennlege for alle som treng hjelpemiddel, råd og rettleiing.
Arbeidsoppgåver
- Gje råd og rettleiing til kommunar, innbyggjarar og samarbeidspartar innan hjelpemiddelområdet, både munnleg og skriftleg.
- Rettleie i bruk av sjølvbeteningsløysingar.
- Identifisere informasjons- og utviklingsbehov og formidle kunnskapen vidare i organisasjonen.
- Bidra til gode samarbeidsrelasjonar.
- Bidra til å realisere NAV sin verksemdsstrategi og målbilde for hjelpemiddelområdet.
- Kvalitetssikre og utvikle/justere rutinar og verktøy som er nødvendig i tenesta, samt utvikle kanalar for informasjonsdeling.
Krav
- Du må ha bachelor i relevante fagområde innan til dømes helsefag, kommunikasjon eller servicefag.
- Du må ha svært gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg på norsk.
- Du må ha gode munnlege engelskkunnskapar.
- Du må ha gode digitale kunnskapar og evne til å rettleie brukarar i sjølvbetente løysingar.
- Du må vere rådsnar, sjølvstendig og ha evne til å vere til stades i brukarmøte.
Ferdigheter
Rådgjeving og rettleiingKommunikasjonDigital kompetanseTverrfagleg samarbeidServiceinnstillingEmpatiProblemløysing
Lønn
639.000 - 680.000 NOK
Erfaring
mid-level