Autosøk

Vil du vere med å forme framtidas digitale Noreg?

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet

Akersgata 59, 0180 Oslo

Stillingsbeskrivelse

Vil du vere med å forme framtidas digitale Noreg?

Avdeling for digitaliseringspolitikk har ei ledig fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjon for personvern og digitale rettar. Seksjonen arbeider med implementering og forvaltning av EU-regelverk som har stor betydning for den digitale samfunnsutviklinga i Noreg, mellom anna KI-forordninga, forordning om digitale tenester og regulering av elektronisk identitet.

Arbeidsoppgåver

Du vil inngå i eit fagleg sterkt og engasjert miljø, og arbeide med sentrale problemstillingar knytte til digitale rettar og regulering. Arbeidet vil spenne frå langsiktig utgreiing og regelverksutvikling til løpande oppfølging av saker med korte fristar.

  • Utarbeide regelverk, herunder delta i innlemming og gjennomføring av EØS-relevant regelverk.
  • Arbeide med utgreiing og analyse.
  • Førebu saker for, og gi faglege råd til, politisk leiing.
  • Delta i fagdialog med underliggjande verksemder.
  • Behandle førespurnader frå publikum.
  • Bidra i seksjonen si øvrige oppgåveløysing innan digitaliseringsfeltet.

Krav

  • Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller innan samfunnsvitskaplege fag.
  • Du må ha minimum tre års relevant erfaring for rådgjevar eller fem års erfaring for seniorrådgjevar.
  • Du må ha erfaring med regelverksarbeid, utgreiing eller digitaliseringsrelaterte problemstillingar.
  • Du må ha svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
  • Du må kunne autoriserast for tilgang til informasjon BEGRENSET etter sikkerheitslova.

Ferdigheter

RegelverksutviklingUtgreiing og analyseDigitaliseringspolitikkPersonvern og digitale rettarEØS-prosessarPolitisk rådgjeving

Lønn

650 000 - 850 000 NOK per år

Erfaring

mid-level

Lignende jobber