Autosøk

Psykologspesialist

Dette får du jobbe med hos oss:

Torleiv Kvalviksgate 9, 4022 Stavanger

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga og arbeidsstaden

Ved Senter for foreldre og barn i Stavanger har vi ledig fast stilling som psykologspesialist i 100 % stilling. Ved Senter for foreldre og barn i Stavanger jobbar vi kvar dag for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjonar, og vi jobbar med kartlegging, samspelobservasjon, rettleiing og behandlingsarbeid - alltid med barnet sitt perspektiv som kompass.

Arbeidsoppgåver

  • Bistå teama i utgreiing og hjelpetiltak etter barnevernlova §§ 2-2, 2-3 og 3-1.
  • Bistå teama i utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgssituasjonen; foreldra si fungering, barnet si utvikling og samspel.
  • Oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn.
  • Kvalitetssikring av utgreiingsarbeid og kartleggingsverktøy.
  • Utføre relevante og kunnskapsbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid.
  • Bistå med fagleg kompetanse til senteret sine tilsette og i samarbeidsmøte.
  • Vere ein pådrivar for høg kvalitet og fagleg utvikling hjå oss.
  • Rettleiing av tilsette.
  • Samarbeid på tvers med andre psykologer i eininga.

Kva får du hos oss?

Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1304 psykolog med godkjent spesialitet p.t. kr 850 000 - 930 000. Vi tilbyr ein meiningsfull jobb, eit fagmiljø som verdset kompetanse, gode moglegheiter for fagleg utvikling, fleksibel arbeidstid og medlemskap i Statens pensjonskasse.

Krav

  • Du må vere autorisert psykolog med godkjend spesialistutdanning.
  • Du må ha erfaring frå arbeid med familiar med sped- og småbarn.
  • Du må ha erfaring med utgreiing og rettleiing.
  • Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter og ei trygg rolleutøving.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Du må inneha sertifikat for personbil.

Ferdigheter

Klinisk psykologiUtgreiing og kartleggingRettleiingUtviklingspsykologiSamspelobservasjonBarnevernsfagleg arbeid

Lønn

850 000 - 930 000 NOK

Erfaring

senior

Lignende jobber