Autosøk

Områdedirektør

Ansvars- og arbeidsoppgåver

6412 Molde

Stillingsbeskrivelse

Områdedirektør

Vil du vere strategisk leiar hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal? Vi søker ein strategisk og utviklingsorientert leiar til stillinga som områdedirektør for verksemdsområdet sosial berekraft.

Du rapporterer til embetsleiinga og inngår i den strategiske leiargruppa. I rolla får du ei viktig oppgåve i å følgje opp nasjonal politikk i fylket og bidra til å utvikle ei moderne, effektiv og framtidsretta forvaltning. Verksemdsområdet sosial berekraft omfattar fem seksjonar: helse, rettstryggleik i omsorg, verjemål, utdanning og sosial og familie.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Leie fagleg og strategisk arbeid på tvers av fagområda i verksemdsområdet og i embetet
  • Leie fem underdirektørar og om lag 70 medarbeidarar
  • Sikre måloppnåing i tråd med tildelingsbrev og strategiar
  • Følgje opp nasjonal politikk og styringsdialog
  • Initiere og leie utviklingsarbeid
  • Representere embetet eksternt
  • Bygge gode relasjonar og leggje til rette for god kommunikasjon og eit trygt og utviklande arbeidsmiljø

Krav

  • Du må ha relevant høgare utdanning frå høgskole eller universitet på masternivå.
  • Du må ha minst fem års leiarerfaring, gjerne innan offentleg forvaltning.
  • Du må kunne tryggleiksklarerast til «HEMMELIG» før tiltreding.
  • Du må inneha førarkort klasse B.
  • Du må beherske norsk flytande, både skriftleg og munnleg.

Ferdigheter

Strategisk leiingEndringsleiingOffentleg forvaltningRelasjonsbyggingKommunikasjonResultatoppfølging

Lønn

1 175 000 - 1 300 000 NOK

Erfaring

senior

Lignende jobber