Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Saksbehandlar verjemål
Statsforvaltaren er lokal verjemålsmyndigheit og vi har no ledig ei fast stilling som saksbehandlar ved seksjon verjemål.
Arbeid med verjemål er allsidig, og famnar mange ulike område som forvaltningsrett, arv- og skifte, bank og finans, helse, barnerett med meir. Vi oppnemner verjer til menneske som sjølve ikkje har evne til å ivareta sine juridiske interesser på det økonomiske og personlege område. Vi handsamar òg saker om stadfesting av ikraftsetjing av framtidsfullmakt. I tillegg skal vi rettleie og føre tilsyn med verjene i deira arbeid. Vidare fattar vi ei rekke avgjerder som skal sikre at menneske med verje får teke i vare rettane sine.
Arbeidsoppgåver
Du vil i hovudsak arbeide med saksbehandling etter verjemålslova. Dette inneber mellom anna:
- førebuing, utgreiing og behandling av saker om oppretting og endring av verjemål
- rettleiing av verjer, verjemålshavarar, pårørande og offentlege instansar
- handsaming av søknader om og utbetaling av verjegodtgjering
- handtere utbetalingar frå kapitalkonto
- stadfesting av framtidsfullmakter
- årleg kontroll og oppfølging av verjerapportar
Krav
- Du har ein relevant bachelorgrad, til dømes innanfor rettsvitskap, jus/administrasjon eller økonomi.
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- Du har erfaring frå saksbehandling i offentleg forvaltning.
- Du har erfaring med digitale saksbehandlingssystem.
- Du trivst med å arbeide sjølvstendig og saman med andre.
Ferdigheter
Lønn
550.000 - 750.000 NOK
Erfaring
mid-level