Autosøk

Fagarbeider /assistent 40-60%

FINN-kode

Vikavegen 2, 6783 Stryn

Stillingsbeskrivelse

Vi søkjer etter fagarbeider/assistent til ei 40-60 % stilling i perioden 01.08.26 - 31.07.27. Stillinga er eit vikariat og kan kombinerast med jobb som tilkallingsvikar. Vi vurderer og tilsetting av Pedagog/Barnehagelærar 100% frå desember 2026. Denne stillinga er fast.

Om stillinga

Vi søkjer primært personar som har utdanning som fagarbeider eller barnehagelærar. Andre viktige kvalifikasjonar er at du er omsorgsfull, engasjert, pliktoppfyllande, fleksibel og motivert til å jobbe i barnehage. Sjølv om erfaring frå barnehage er eit pluss, vil vi gjerne høyre frå deg som har dei personlege eigenskapane vi er ute etter.

I vår barnehage står god omsorg, leik, samspel og meistring sentralt i det pedagogiske arbeidet. Vi ser etter deg som er glad i å leike, lære og undre seg i lag med barna, som alltid er på barnas nivå og som er engasjert i jobben du gjer. Du likar å jobbe nært med både barn og vaksne, og er open for nye utfordringar, samtidig som du er nysgjerrig på å utvikle deg både fagleg og personleg.

Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Ei unik moglegheit til å vere med på å påverke barnas utvikling og læring.
  • Opplæring og rettleiing i jobben.
  • Lønn etter regulativ frå Private Barnehagers Landsforbund.

For å bli tilsett må du legge fram politiattest.

Krav

  • Du må ha utdanning som fagarbeider eller barnehagelærar.
  • Du må vere omsorgsfull, engasjert og pliktoppfyllande.
  • Du må vere motivert for å jobbe i barnehage og like å jobbe tett med barn og vaksne.
  • Du må vere open for nye utfordringar og nysgjerrig på fagleg og personleg utvikling.
  • Du må kunne legge fram gyldig politiattest ved tilsetjing.

Ferdigheter

OmsorgsevnePedagogisk arbeidSamarbeidsevnerFleksibilitetRelasjonsbyggingBarns utvikling

Lønn

Etter regulativ Private Barnehagers Landsforbund

Erfaring

entry-level

Lignende jobber