Ingeniør/teknikar medisinsk teknologi
Seksjon for Medisinsk teknologi Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Ingeniør/teknikar medisinsk teknologi
Er du interessert i samspel mellom teknologi og menneske? Seksjon for Medisinsk teknologi Sunnmøre har ledig eit vikariat som ingeniør/teknikar ved Ålesund sjukehus ut 2027.
Arbeidsoppgåver
- Utføre mottakskontroll, akutte reparasjonar og planlagt vedlikehald, samt omdisponering av MTU.
- Dokumentere og ajourføre utført arbeid og informasjon for MTU i FDV-systemet Medusa.
- Utarbeide risikovurderingar for planlagt vedlikehald av MTU.
- Delta i innkjøpsprosessar ved utskifting og innkjøp av nytt MTU.
- Gi støtte til brukarane av MTU og samarbeide tett med klinikkane.
- Delta i kvalitetsarbeid innan MTU-området.
Vi tilbyr
- Spennande og utfordrande oppgåver i eit fagfelt med moderne avansert medisinsk teknisk utstyr i kombinasjon med IKT-fag.
- Sterkt tverrfagleg samarbeid.
- Ein inkluderande arbeidsplass.
- Løn etter gjeldande overeinskomstar.
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.
Krav
- Du må ha utdanning frå universitet, høgskule eller teknisk fagskule innan elektronikk, automatiseringsteknikk, medisinsk teknologi eller IT.
- Det er ønskeleg med erfaring frå service og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr (MTU).
- Det er ein fordel om du har samtykke frå DSB for sjølvstendig reparasjon av elektromedisinsk utstyr.
- Du må ha gode kunnskapar i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg.
- Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team.
Ferdigheter
Medisinsk teknisk utstyr (MTU)ElektronikkAutomatiseringsteknikkIKT og datanettverkMedusa FDV-systemRisikovurderingService og vedlikehald
Erfaring
mid-level