Autosøk

Sjukepleiar

Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste

Hittunsvegen 6, 6899 Balestrand

Stillingsbeskrivelse

Sjukepleiar

Er du interessert i ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, teamarbeid og spennande utfordringar? No har du sjansen!

Me har ledig sjukepleiestilling på Balestrand helsetun med vakter knytt til legevaktssatellitten: Sjukepleiar 100% fast stilling i turnus, frå 17. august 2026. Det er turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for langvakter og eventuelt då lengre helgeintervall.

Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning. Her kan du som sjukepleiar bidra med legevaktsoppgåver og bli ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel. Me har fokus på at sjukepleiarane får auka fagkompetanse og tett oppfølging gjennom øvingar og kurs. For sjukepleiarar som tek vakter ved legevaktsatellitten, blir det gitt eit årleg lønnstillegg på kr 30 000.

Arbeidsoppgåver:

  • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver til bebuarar i institusjon.
  • Oppgåver i tilknyting til legevaktssatellitten.
  • Heilskapleg pleie og omsorg.
  • Rettleiar for studentar/lærlingar og andre.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid.
  • Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet.
  • Medansvarlig for eit godt læringsmiljø.
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet.

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.
  • Godt fagleg miljø.
  • Lønn etter tariff.
  • Tilrettelagt årsturnus.
  • Moglegheit for langvakter med lengre helgeintervall.

Krav

  • Du må ha bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon.
  • Du må beherske norsk språk skriftleg og munnleg.
  • Du må ha førarkort.
  • Det er ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, geriatri, akuttsjukepleie eller rehabilitering.
  • Personlege eigenskapar som løysingsfokus, samarbeidsevne og serviceinnstilling vil bli vektlagde.

Ferdigheter

SjukepleieMedikamenthandteringLegevaktsoppgåverDokumentasjon i journalsystem (LMP)Tverrfagleg samarbeidRettleiing av studentarEldreomsorg

Lønn

Lønn etter tariff (med tillegg på kr 30 000 for legevaktssatellitt)

Erfaring

mid-level

Lignende jobber