Autosøk

Sjukepleiar

Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste

Ohnstadhaugen 15, 6863 Leikanger

Stillingsbeskrivelse

Sjukepleiar

Me ynskjer fleire dyktige sjukepleiarar til heimetenesta på Leikanger. No er det ledig stilling, og vi håpar du vil bli vår nye kollega.

Som sjukepleiar i heimetenesta vert du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me har stor bredde i oppgåvene og i bebuar og brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande.

Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenestene våre, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.

Om stillingane:

Leikanger heimeteneste har ledig følgjande stilling som sjukepleiar: 100% vikariat i turnus ledig frå 01.09.26 i eitt år. For stillinga gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for 4. kvar med langvakter.

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiefaglege oppgåver i heimetenesta
  • Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica, IPLOS, ADL
  • Utføre direkte og heilskapleg pleie og omsorg til brukarar heime
  • Rettleie og følgje opp studentar/lærlingar og kollegaer og bidra til fagleg utvikling i avdelingane
  • Vurdere behov og planlegge pleie i samarbeid med brukar, pårørande, tilsynslege/fastelege, kollegaer og leiing
  • Bidra til god informasjonsflyt i avdelinga
  • Observere, dokumentere og iverksette nødvendige tiltak i tråd med avdelinga sine føringar
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
  • Ivareta godt pårørandesamarbeid
  • Legemiddelhandtering og administrering

Krav

  • Du må ha bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon.
  • Du må beherske norsk språk skriftleg og munnleg.
  • Du må ha førarkort klasse B.
  • Det er ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan velferdsteknologi, demens, psykiatri eller geriatri.

Ferdigheter

SjukepleieLegemiddelhandteringGerica (pasientjournalsystem)IPLOS/ADL-kartleggingTverrfagleg samarbeidVelferdsteknologiPalliativ omsorg

Erfaring

mid-level

Lignende jobber