Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Miljøterapeut vikariat 100%
Vi ser etter deg som har stort engasjement og eit hjarte for ungdom. Ved Stavanger akuttsenter, avdeling Røyneberg har vi ledig 2 vikariat som miljøterapeut i 100% stilling.
Arbeidsoppgåver
- Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senterets retningslinjer og fagleg rettleiar.
- Motivera og engasjera ungdomane i positive aktivitetar, samt bidra til at bebuarane får delta og oppleva tryggleik og trivsel medan dei bur hos oss.
- Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
- Ansvarsvakt.
- Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdeling.
Kva får du hos oss?
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ, p.t. kr 490 000 – 640 000 pr. år (avhengig av utdanning og erfaring). Ved relevant vidareutdanning kan det tilsetjast i spesialutdanna stillingskode, p.t kr. 540 000 – 690 000 pr. år. Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar.
Krav
- Du må ha fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
- Du må kunne kommunisere godt på norsk, tilsvarande nivå B2.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Du bør ha kompetanse på å gjere faglege vurderingar og tilpasse tiltak til ungdommane.
- Du bør ha relevant arbeidserfaring.
Ferdigheter
Miljøterapeutisk arbeidTraumebasert omsorgRelasjonsbyggingTverrfaglig samarbeidDokumentasjonKonflikthandtering
Lønn
490 000 – 690 000 NOK pr. år
Erfaring
mid-level