Autosøk

Vil du leie kvalitetsarbeidet ved Laboratoriet for medisinsk biokjemi?

Laboratoriet for medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Førde

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Stillingsbeskrivelse

Vil du leie kvalitetsarbeidet ved Laboratoriet for medisinsk biokjemi?

Er du ein bioingeniør med interesse for medisinsk biokjemi og kvalitetsarbeid? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Laboratoriet for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) søker engasjert og framtidsretta kvalitetsleiar for medisinsk biokjemi.

Arbeidsoppgåver

  • Vere pådrivar for og vidareutvikle kvalitetsarbeidet i avdelinga.
  • Ha delegert ansvar for at kvalitetskrav og styringssystem blir etterlevde.
  • Følge opp krav knytt til IVDR og anna relevant regelverk.
  • Koordinere kvalitetsarbeidet i tett samarbeid med seksjonsleiarar, fagbioingeniørar og medisinskfagleg rådgivar.
  • Planlegge, gjennomføre og følge opp interne og eksterne revisjonar.
  • Leie oppfølging av avvik, risikovurderingar og forbetringstiltak.
  • Godkjenne fagprosedyrar, valideringsprotokollar og rapportar innan medisinsk biokjemi.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Opplæringsprogram for nytilsette.
  • Fagleg og personleg utvikling.
  • Triveleg og aktivt arbeidsmiljø.

Krav

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitetsnivå, der bioingeniørutdanning vert vektlagt.
  • Erfaring frå kvalitetsarbeid, sertifisering, akkreditering eller revisjon er ein fordel.
  • God kjennskap til standard NS-EN ISO 15189 og IVDR-regelverket er ein fordel.
  • Erfaring innan sjukehus- og laboratoriearbeid er ein fordel.
  • Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.

Ferdigheter

Kvalitetsstyring (ISO 15189)IVDR-regelverkRevisjon og avvikshandteringRisikovurderingBioingeniørfaglig kompetanseProsjektledelse og koordineringKommunikasjon og relasjonsbygging

Erfaring

mid-level

Lignende jobber