100% sjukepleiarstilling ved Rus og psykisk helse avd. Jondal
Ullensvang kommune Rus og psykisk helse, Jondal
Vik, 5627 Jondal
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
100% sjukepleiarstilling ved Rus og psykisk helse avd. Jondal
Vil du bidra til ein meiningsfull kvardag, med fokus på mestring, kvalitet og positive opplevingar for våre brukarar? Då er dette stillinga for deg!
Ved rus og psykisk helse avdeling Jondal har me no ledig ein 100 % fast stilling som sjukepleiar. Det er opna opp for at søkjar med annan sosial- helsefaglig utdanning også kan søkje på stillinga.
Ullensvang kommune har integrerte tenester for Rus- og psykisk helse. Tenesta jobbar ut frå ein modell der forskjellige aktørar, etatar og faggrupper jobbar saman på tvers av nivå, for å gje eit heilhetleg tilbod. Tenesta rettar seg mot menneske over 18 år, med ulike psykiske vanskar og / eller rusutfordringar, pårørande og menneske i livskrise.
Arbeidsoppgåver:
- Ansvarlig for sjukpleiefaglege tiltak og oppfølging
- Tverrfagleg samarbeid
- Sikre dokumentasjon og ajourhald i elektronisk pasientjournal i Aidn
- Administrasjon av legemiddel og ansvar for ajourhald av legemiddelliste
- Koordinering av hjelpetiltak, ansvar for innkalling til ansvarsgrupper mm.
- Primærkontaktfunksjon
- Miljøarbeid og oppfølging av brukarane saman med øvrig personale
Krav
- Du må ha 3-årig sjukepleiar-, vernepleiar- eller anna helse- og sosialfagleg utdanning på høgskulenivå.
- Det er ynskjeleg med vidareutdanning i psykisk helse.
- Du må ha erfaring frå arbeid med menneske med psykiske lidingar og/eller rus.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må kunne leggje fram politiattest i tråd med gjeldande lovverk.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level