Postdoktorstilling i psykolingvistikk, multilektalitet og språkprosessering
Om prosjektet
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Om stillinga
Ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda er det ledig ei 3-årig postdoktorstilling. Stillinga er knytt til forskingsprosjektet Multilectal Individual Differences in Reading (MInDReading): Neurocognitive and Behavioral Effects of Dialect Exposure on Literacy Development, finansiert av Noregs forskingsråd i perioden august 2026-juli 2030.
Postdoktorstillinga er ei kvalifiseringsstilling med mål om at den tilsette skal byggje opp ein forskarprofil og bli kvalifisert for stilling som førsteamanuensis.
Om prosjektet
MInDReading undersøkjer korleis erfaring med nærskylde språkvarietetar påverkar språkprosessering i sanntid ved lytting og lesing. Prosjektet har tre hovudkomponentar: (i) utvikling og validering av eit føremålstenleg spørjeskjema for å kartleggje individuell multilektal erfaring, (ii) EEG-studiar som undersøkjer korleis regionalt varierande grammatiske mønster blir handsama i hjernen, og (iii) blikksporing ved lesing for å måle korleis dei same kontrastane påverkar naturleg lesing.
Arbeidsfelt
Postdoktoren skal mellom anna:
- Bidra til planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av studiar i prosjektet.
- Rekruttere og teste deltakarar og gjennomføre praktisk laboratoriearbeid knytt til datainnsamling.
- Analysere og formidle resultat gjennom konferansebidrag og vitskaplege publikasjonar.
- Ta ei leiande rolle i éin eller fleire delar av prosjektet i tett samarbeid med prosjektleiaren.
- Delta i prosjektet sine møte og samarbeidsaktivitetar med partnarinstitusjonar.
Krav
- Søkjarar må ha ph.d. (eller tilsvarande doktorgrad) i lingvistikk eller nærliggjande fagområde som psykologi eller kognitiv vitskap.
- Søkjarar må ha svært gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.
- Søkjarar må ha dokumentert erfaring med eksperimentelle og/eller kvantitative tilnærmingar til språkprosessering og/eller språkleg variasjon.
- Erfaring må vere dokumentert gjennom fagfellevurderte publikasjonar og/eller vidarekome doktorgradsarbeid.
Ferdigheter
Lønn
680 000 - 810 000 NOK
Erfaring
mid-level