Autosøk

Kantor / kyrkjemusikar Ellingsøy sokn - 50% stilling

Ålesund kyrkjelege fellesråd

Kvalsteinvegen 2, 6057 Ellingsøy

Stillingsbeskrivelse

Kantor / kyrkjemusikar Ellingsøy sokn - 50% stilling

Det er ledig stilling som kantor/kyrkjemusikar i 50 % i Ålesund kyrkjelege fellesråd med Ellingsøy sokn som arbeidsstad.

Ellingsøy sokn ligg i Ålesund kommune og utgjer saman med Borgund sokn eit samarbeidsområde. Kyrkjelyden har sokneprest, kantor, kyrkjetenar, dagleg leiar, diakon, kyrkjelydspedagog og kateket/ungdomsprest. Det er stabsfellesskap mellom sokna med felles dagleg leiar, diakon, kyrkjelydspedagog og kateket/ungdomsprest.

Ellingsøy sokn har ca. 2000 medlemer. Soknet har ei arbeidskyrkje vigsla i 1998 med ca. 400 sitjeplassar, stor kyrkjelydssal med nytt lyd- og lysanlegg og kontor for tilsette. Orgelet er bygd av Ryde & Berg i 2002 og har 16 stemmer.

Arbeidsoppgåver

  • Tenestegjere ved gudstenester og andre kyrkjelege handlingar.
  • Lede og utvikle kyrkjelydens musikk og kulturarbeid.
  • Gi støtte til kyrkjelydens øvrige arbeid og inngå i tverrfaglege satsingar.
  • Vere ein kyrkjemusikalsk ressurs for kyrkjelyd, stab og fellesråd.
  • Delta i stabs- og fagmøte og andre administrative møtepunkt.

Vi tilbyr

  • Hyggelege kollegar i ein stab som har fokus på eit godt og sosialt arbeidsmiljø.
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Eit engasjert sokneråd dei tilsette kan samarbeide med.
  • Lønn etter KAs tariffavtale.
  • Pensjons- og forsikringsordningar.

Krav

  • Du må ha utdanning i samsvar med Tenesteordning for kantorar, eller anna relevant kyrkjemusikkutdanning.
  • Du må ha allsidige ferdigheiter innan orgel- og pianospel.
  • Du må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg, tilsvarande minimum nivå B2.
  • Du må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
  • Du må kunne legge fram godkjend barneombodsattest (politiattest).

Ferdigheter

OrgelspelPianospelKyrkjemusikkKulturarbeidSamarbeidsevnerAdministrasjon

Erfaring

mid-level

Lignende jobber