Autosøk

Ledig fast stilling som nattevakt

Korttid/rehabilitering, Bømlo kommune

Leirdalen 25, 5430 Bremnes

Stillingsbeskrivelse

Ledig fast stilling som nattevakt

Har du eit varmt hjarte for menneske i sårbare livssituasjonar, og ønskjer å bidra med tryggleik og god pleie på nattestid? Då kan du vere den nattevakta me ser etter ved avdelinga korttid og rehabilitering (KOR).

Korttid og rehabilitering (KOR) ved Bømlo Bu og helsesenter (BBH) har ledig stilling på natt for sjukepleiar eller vernepleiar. Stillinga inneber årsturnus med arbeid kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre heilskapeleg pleie, omsorg og medisinsk behandling.
  • Oppfylging av pasientar og pårørande.
  • Aktiv rehabilitering.
  • Dokumentasjon i elektronisk journalsystem.
  • Samarbeid med legevakt og andre behov.

Hos oss får du moglegheit til å jobbe i eit miljø der samarbeid, fagleg utvikling og pasientomsorg står i sentrum.

Krav

  • Du må ha bachelor i sjukepleie eller vernepleie.
  • Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, minimum bestått norskprøve på B2-nivå.
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetting etter helse og omsorgstenestelova § 5.4.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og i tverrfaglege team.
  • Du må vere fleksibel og løysingsorientert i ein variert arbeidskvardag.

Ferdigheter

SjukepleieVernepleiePasientomsorgMedisinsk behandlingDokumentasjonTverrfagleg samarbeid

Erfaring

junior

Lignende jobber