Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Kokkestilling i Sævarhagen FUS barnehage
Sævarhagen FUS barnehage er ein barnehage med høgt fagleg fokus og godt arbeidsmiljø. Me ligg midt i eit fantastisk nærmiljø ved Hystadmarkjo på Stord, og er ein inkluderande og trygg møteplass der barn sin leik, utvikling og trivsel står i sentrum.
Mat og måltid er ein viktig del av kvardagen vår, og vi legg vekt på gode, sunne og inkluderande matopplevingar. Kokken vår skal ut i permisjon og me søkjer difor ein engasjert og strukturert kokk i 100 % vikariat frå 01.10.26-14.08.27.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge og tilberede sunne, varierte og næringsrike måltid
- Følgje nasjonale retningslinjer for kosthald i barnehage
- Sikre eit likeverdig mattilbod til barn med særlege behov knytta til mat og måltider
- Handtere innkjøp og bestilling av varer
- Sikre gode rutinar innan hygiene og IK-mat
- Bidra til matglede og involvere barn i enkle aktivitetar
- Samarbeide tett med personalet i barnehagen, og bistå på avdeling ved behov
Kvifor velge oss:
- Me satsar på høg kvalitet og kompetanse i alle ledd
- Du blir ein del av eit stort nettverk med engasjerte kollegaer
- Du får vere med og påverke kvardagen til barna
- Du vert ein del av eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Du får stor fridom under ansvar
- Du får løn og vilkår jfr FUS tariffavtale
Krav
- Du har erfaring frå kjøkkenarbeid, og fagbrev som kokk er ein fordel.
- Du har god kunnskap om ernæring og mat for barn.
- Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Du har god kompetanse om IK-mat og hygienekrav.
- Du er strukturert, sjølvstendig og påliteleg.
- Du må kunne legge fram godkjent politiattest i henhald til barnehagelova.
Ferdigheter
KjøkkenarbeidErnæringskunnskapIK-mat (Internkontroll)MenyplanleggingInnkjøp og bestillingMatlaging for barnSamarbeidsevnerHygienekrav
Erfaring
mid-level