Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Psykolog/familierettleiar
Familieteamet har ledig 100% fast stilling. Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar? Då håper vi du vil bli vår kollega i Familieteamet.
Bjørnafjorden kommune har samorganisert tenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. Her inngår Barneverntenesta, Førebyggande helse og eining for Barn, unge og familiar. Familieteamet er ein egen avdeling under Barn, unge og familiar. Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid med eit heilskapleg blikk for barnet sine behov er ei viktig satsing i vår kommune, og Familieteamet med sitt tenestetilbod er ein viktig del av laget kring barnet.
Familieteamet i Bjørnafjorden kommune er eit gratis lågterskeltilbod til barn og unge frå 0 til 18 år og deira føresette som strevar med ulike problemstillingar knytt til blant anna samspel, psykisk helse og trivsel. Vi søker deg som har erfaring frå arbeid endringsarbeid i familiar og psykisk helse.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing og endringsarbeid i familiar, individuelt og i grupper
- Klinisk arbeid med barn, unge og familiar
- Kartlegging og oppfølging av lette til moderate psykiske helseplager hos barn og unge
- Familiesamtalar
- Tverrfagleg samarbeid
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Ei spanande stilling i ei teneste i utvikling
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Krav
- Du må vere psykolog eller ha minimum 3-årig utdanning frå høgskule/universitet, fortrinnsvis helse- eller sosialfagleg utdanning.
- Du må ha erfaring frå endringsarbeid i familiar og klinisk arbeid med psykisk helse for barn og unge.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må ha evne til å arbeide målretta, både sjølvstendig og i team.
- Du må vere samarbeidsorientert og ha erfaring med tverrfagleg samarbeid.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level