Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
BPA-assistent
Er du glad i varierte dagar og ser etter en fleksibel jobb med meining? Mann søker BPA-assistent.
Eg er ein kjekk kar i starten av 30-årene som treng nye assistentar. Eg er interessert i landbruk, politikk, fest og eg har eit spesielt forhold til god whisky. Grunnen til at eg treng assistanse er at eg har ein progressiv sjukdom som gjer at eg sit i rullestol, har problem med å styre armer og bein, og store utfordringar med tale og syn.
Jobben er så variert at det er vanskeleg å skildre, men den går i hovudsak ut på å vera mine armar og bein og auge. Eg treng hjelp til alt av kvardagslege gjeremål som til dømes personleg hygiene, mat, husstell, køyring, hagearbeid og liknande. I tillegg så liker eg reising, feste og anna galskap som du kan være med på.
Arbeidstida er som regel 08:00 til 15:30 og 16:30 til 24:00, lengre vakter kan bli avtalt på forhand. Stillingsprosenten vil være på 40% til 60%, avhengig av søkars ønskjer. Jobben går enkelt an å kombinere med anna jobb eller studie. Arbeidsstad vil være der eg opphalde meg, og ofte i mitt eige heim i Vikøy.
Dette er ein jobb for deg som har godt humør, pågangsmot og ikkje er redd for å bli skitten på hendene. Eg er litt aktiv i politikk, så det hender at du må bli med meg på møter. Det er ingen krav til utdanning eller relevant erfaring, personlege eigenskapar blir vurdert.
Kven vil trivast hos meg:
- Du er løysingsorientert og likar folk
- Du må ha ein god dose humor og tåla ein spøk
- Eg er spontan og ynskjer at du deler denna eigenskapen
Eg tilbyr:
- Gode arbeids- og lønsvilkår gjennom tariffavtale
- Grundig opplæring og tett oppfølging av lokalkontor
- Ein sjølvstendig jobb med varierte arbeidsoppgåver
BPA er en forkortelse for brukerstyrt personlig assistanse. Det er i hovedsak en alternativ måte å organisere praktisk bistand på for funksjonshemmede.
Krav
- Du må snakka og skriva godt norsk.
- Du må ha førarkort klasse B.
- Du må ha plettfritt vandel.
- Du må vere løysingsorientert og like å jobbe med folk.
- Du må ha godt humør og tåle ein spøk.
Ferdigheter
Erfaring
entry-level