Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Hospitaldrift Transport er ei av einingane i Hospitaldrift som igjen er ein del av Drift/teknisk divisjon som består av hovudparten av sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar. Hospitaldrift Transport utfører portørtenester, forsyningstenester, avfallshandtering og andre interne transporttenester for helseføretaket og er ein viktig bidragsytar for god pasientflyt og logistikk for heile sjukehuset.
Arbeidsoppgåver
- Bestilling av forbruksvarer, væske og tøy
- Vedlikehald av lager og depot og merking av hyller og skap på avdelingar i sjukehuset
- Transport og handtering av mat, varer, tøy, væske, oksygen, medisinar og avfall
- Henting og levering av prøver, blod, journalar, utstyr og anna
- Transport av skitne og reine senger
- Mindre flytteoppdrag/ fjerning av møblar ol.
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Bedriftsidrettslag
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Krav
- Du må ha fullført vidaregåande allmennfagleg eller yrkesfagleg skule, eller ha anna relevant erfaring som kan kompensere for utdanning.
- Du må ha særs god norsk munnleg framstilling.
- Du må ha grunnleggjande datakunnskapar.
- Du må vere ansvarsbevisst, påliteleg og punktleg.
- Du må kunne utføre og trivast med arbeid som kan vere fysisk og psykisk krevande.
Ferdigheter
LogistikkVarehandteringFørstehjelpTruckkøyring (T1)ServiceinnstillingSamarbeidsevnerKommunikasjon
Erfaring
entry-level