Sjukepleiar og vernepleiar – faste stillingar på natt ved Psykiatrisk klinikk
Divisjon psykisk helsevern, Helse Bergen HF
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Psykiatrisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus søker dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar til faste nattstillingar.
Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i sentrum.
Det er ledig følgande stillingar på natt i Psykiatrisk klinikk:
- Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6: 50-80% fast stilling på natt.
- Psykiatrisk akuttmottak (PAM1/PAM2): 80-100% fast stilling på natt.
- Avdeling Alderspsykiatri: 50% fast stilling for sjukepleiar på natt.
- Lokal sikkerheitspost (LS): 70-100% fast stilling på natt.
Arbeidsoppgåver
- Ansvarsvakt
- Administrering av medisinar
- Miljøterapeutisk arbeid: Bidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte og struktur for kvar enkelt pasient
- Observere og dokumentere
- Praktiske oppgåver
Krav
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar.
- Du må ha gode språkkunnskapar, og ikkje-nordiske statsborgarar må ha bestått norsktest på B2-nivå.
- Erfaring frå psykiatri er ønskeleg.
- Du må vere personleg eigna for å jobbe med den aktuelle pasientgruppa.
- For stilling ved Lokal sikkerheitspost er det krav om godkjend politiattest.
Ferdigheter
Sjukepleie/VernepleieMiljøterapiMedikamenthandteringPsykiatrisk helsevernDokumentasjon og observasjonKonflikthandteringTverrfagleg samarbeid
Erfaring
mid-level