Autosøk

Badevakt i Stryn symjehall

Stryn Kommune

Perhusvegen 33, 6783 Stryn

Stillingsbeskrivelse

Stryn symjehall er kommunal symjehall som ligg i Stryn sentrum tilknytt Stryn kulturhus. Symjehallen inneheld symjebasseng, barnebasseng, stupetårn, rutsjebane og sauna. Inngang og billettsal i tilknytning til Stryn kulturhus. Vi har ledige deltidsstilling for fast tilsetting med oppstart i 2.halvdel av september 2026, etter nærmare avtale.

Arbeidsoppgåver

Som badevakt har du ansvar for tilsyn med badegjester i symjehallen samt generelt oppsyn med symjehallen / garderobar. Ansvar for opning og stenging av symjehallen. Arbeid etter arbeidsplan for symjehallen sine opningstider på kveld og helg. Vi har ledig 2 deltidsstillingar på 8,45% med arbeid for tida 3.kvar helg, laurdag og søndag. Ekstravakter kan bli aktuelt om du er interessert i å jobbe meir i periodar.

Kvalifikasjonar

Den tilsette må vere symjedyktig samt bestå førstehjelpskurs og symjeprøve som blir arrangert av arbeidsgjevar. Bestått Førstehjelpskurs og symjeprøve er obligatorisk for stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi søker ein person som er fleksibel og med godt humør. Må vere ansvarleg, kunne jobbe sjølvstendig men også samarbeide med kollegar i teamet.

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff
  • Gode pensjonsordningar
  • Arbeid i positivt miljø
  • Tilsetting etter lover og avtaler

Krav

  • Du må vere symjedyktig.
  • Du må bestå førstehjelpskurs arrangert av arbeidsgjevar.
  • Du må bestå symjeprøve arrangert av arbeidsgjevar.
  • Du må vere ansvarleg og kunne jobbe sjølvstendig.
  • Du må ha gode samarbeidsevner.

Ferdigheter

Badevakt-tjenesteFørstehjelpSvømmingKundeserviceSikkerhetsoppfølgingSamarbeidsevner

Lønn

Løn etter tariff

Erfaring

entry-level

Lignende jobber