Autosøk
Sveio kommune logo

Vikariat helsefagarbeidar i Heimetenesta

Sveio kommune

Løkjavegen 35, 5550 Sveio

Stillingsbeskrivelse

Vikariat helsefagarbeidar i Heimetenesta

Er du helsefagarbeidar og lurer på om heimetenesta i Sveio kan vere noko for deg? Vert du motivert av varierte arbeidsoppgåver og spennande kvardagar, og trivst du med å utfordre deg sjølv og stadig lære noko nytt? Då kan du bli ein del av ei arbeidsgruppe som brenn for å sjå den enkelte pasienten.

Arbeidsoppgåver

  • Varierte oppgåver og stor breidde i behandlinga.
  • Vere ein pådrivar for å leggje til rette for, og bidra til, at brukarane opplever tryggleik og meistring.
  • Gje heilskapleg omsorg, inkludert personleg hygiene, påkleding, forflytting og trening.
  • Setje i verk førebyggjande og behandlande tiltak innan eige ansvars- og kompetanseområde.
  • Planleggje og gjennomføre målretta tiltak og aktivitetar for å fremje pasienten si meistringskjensle og livskvalitet.
  • Bruke elektronisk pasientjournal og dokumentere forhold ved pasienten og kva helsehjelp som blir gjeven.

Vi tilbyr

  • Faste fagdagar og fagmøte.
  • Årsturnus over 52 veker med planlagd ferie, høgtid og helgearbeid.
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
  • God offentleg pensjonsordning.
  • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
  • Kommunale bilar.
  • Bedriftshelseteneste.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Krav

  • Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Du må kunne snakke, lese og skrive norsk godt nok til å samarbeide og utføre oppgåver sjølvstendig.
  • Du må kunne legge fram ein tilfredsstillande politiattest i tråd med gjeldande lovverk.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid i heimetenesta.
  • Du må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Ferdigheter

HelsefagarbeidDokumentasjon i pasientjournalKvardagsrehabiliteringSamarbeidsevnerKommunikasjonFleksibilitet

Erfaring

mid-level

Lignende jobber