Autosøk
Norconsult logo

Sivilingeniør/ingeniør elektro - Sogn og Fjordane

Norconsult

Fjellvegen 11, 6800 Førde

Stillingsbeskrivelse

Sivilingeniør/ingeniør elektro - Sogn og Fjordane

Vil du vere med å forme elektroinstallasjonar for framtida? I Norconsult kan du få vere med på akkurat det. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar.

Vi ser etter deg som har nokre års erfaring frå bransjen og som ønskjer å vere med og byggje opp eit elektro-miljø i Sogn og Fjordane i tillegg til å vidareutvikle deg sjølv fagleg og dele av din kunnskap til andre medarbeidarar. Du vil få ei sentral rolle i eitt tverrfagleg rådgjevarmiljø, med høg fagleg kompetanse og samarbeid på tvers av våre kontor og regionar.

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planlegging og prosjektering av elektro-installasjonar innan bygg og anlegg
  • Modellering og varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
  • Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
  • Tverrfagleg koordinering
  • Oppdragsleiing og oppfølging på byggeplass
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

Krav

  • Utdanning som sivilingeniør (M.Sc.) eller ingeniør (B.Sc.) eller tilsvarande innan elektro.
  • Minst 3-5 års relevant erfaring innan elektro- og byggautomasjonsteknikk frå rådgjevar- eller entreprenørbransje.
  • Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Erfaring med 3D-modellering og BIM er ønskjeleg.
  • Evne til å arbeide effektivt, ta initiativ og fungere godt i team.

Ferdigheter

ElektroteknikkByggautomasjonProsjektering3D-modelleringBIMOppdragsleiingDAK

Erfaring

mid-level, senior

Lignende jobber