Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Butikksjef
Sørbøvåg Landhandel ligg midt i Nordens største opne gruvelandskap frå Viking-tida, i den idylliske vestlandsbygda Sørbøvåg. Med Åfjorden og majestetiske Lihesten midt i mot, kjent frå 71 grader nord, og vegg i vegg med båthamna og det flotte aktivitetsområdet Hamneparken.
Butikken er i god utvikling, og framstår som ein solid, lettdriven og moderne daglegvarebutikk - litt utenom det vanlege. Butikken er ikkje styrt av ein kjede, her bestemmer butikksjefen alt sjølv i tett samspel med kundane. Butikken er digitalisert og har for tida ope 7-24 alle dagar heile året, og er første butikken i Noreg som har fjernbetjent Post i Butikk.
Butikken har pub, butikkbakeri, gjestehamn for båtar og campingplass for bubilar. Ei spennande leiarstilling på ein trygg og god arbeidsplass med trivelege og varierte arbeidsoppgåver. Fleksibel og komfortabel arbeidstid, god lønn, og gode framtidsutsikter for rett person.
Vi tilbyr god opplæring og oppfølging. Bustad kan ordnast.
Krav
- Du har erfaring frå varehandel.
- Du har god økonomisk forståing.
- Du evnar å jobbe sjølvstendig og målretta.
- Du har godt humør og stor arbeidslyst.
- Du har evne til å skape trivsel for kundar og tilsette.
Ferdigheter
Erfaring
mid-level