Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Rådgivar/seniorrådgivar innan informasjonssikkerheit
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for informasjonsteknologi og -tenester har ledig fast stilling i 100 % som rådgivar/seniorrådgivar innan informasjonssikkerheit. Informasjonsforvaltning og -sikkerheit (ITFS) gir fagleg støtte til heile HVL innan informasjonsforvaltning, arkiv og informasjonssikkerheit.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Handtere og følgje opp sikkerheitshendingar og beredskapsprosessar i samarbeid med CISO
- Forvalte og vidareutvikle LIS (leiingssystem for informasjonssikkerheit), inkludert styrande dokumentasjon, tiltak og policyar i tråd med ISO 27001:2022
- Oppdatere rutinar og sikkerheitspolicyar i tråd med nye krav og behov
- Bidra i det praktiske sikkerheitsarbeidet - frå risikovurderingar til handtering av hendingar
- Vere ein pådrivar for ein sterk sikkerheitskultur i HVL
- Rettleie tilsette i risikovurderingar og praktisk sikkerheitsarbeid
- Bidra til at sikkerheit vert opplevd som ein verdidrivar - ikkje ei hindring
Krav
- Du må ha relevant høgare utdanning, fortrinnsvis mastergrad, innan informasjonssikkerheit, informasjonsvitskap, informatikk eller tilsvarande.
- Du må ha erfaring med IT-sikkerheit, gjerne frå utvikling eller arkitektur.
- Du må ha erfaring med ISO 27001-standarden.
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (minimum B2).
- Du må kunne autoriserast for begrensa, i samsvar med sikkerheitslova.
Ferdigheter
InformasjonssikkerheitISO 27001RisikovurderingBeredskapsprosessarIT-arkitekturKommunikasjonSikkerheitskultur
Erfaring
mid-level
