Autosøk
Rocketfarm AS logo

Vil du utvikle software som gjør en forskjell i industrien?

Rocketfarm AS

Årøyvegen 7, 6856 Sogndal

Stillingsbeskrivelse

Vil du utvikle software som gjør en forskjell i industrien?

Rocketfarm er eit norsk teknologiselskap som utviklar programvara som gjer robotpalletering mogleg. Vi søkjer ein Robotics Software Engineer som vil bidra til å vidareutvikle programvara bak produkta våre når vi utvidar støtta til fleire robotmerke.

Kva vil du jobbe med?

  • Utvikle og forbetre programvara som planlegg robotrørsler og styrer robotane vi støttar.
  • Bidra til å integrere nye robotmerke i plattforma på ein god og skalerbar måte.
  • Delta i arkitekturval -- vurdere tekniske kompromiss, identifisere utfordringar tidleg og bidra til at systemet held seg enkelt og robust når det veks.
  • Jobbe med både simulering og ekte hardware, der tryggleik alltid står sentralt.

Å jobbe hos oss

Vi er eit lite, teknisk sterkt team i Sogndal, midt i hjartet av Vestland. Her får du moglegheita til å fordjupe deg i krevjande tekniske problemstillingar, samtidig som du kan vere på ein fjelltur eller ute på vatnet få minutt etter at du forlèt kontoret.

Krav

  • Du har nokre års erfaring med utvikling av programvare i produksjon, gjerne innan robotikk eller større system.
  • Du tenker heilskapleg og forstår korleis ulike delar av eit system heng saman.
  • Du har forståing for robotikk og kan gjere gode vurderingar rundt robotarmar.
  • Du er komfortabel med Linux og containerbasert utvikling.

Ferdigheter

C++PythonROS / ROS2RobotikkLinuxContainerbasert utviklingSystemarkitektur

Erfaring

mid-level

Lignende jobber