Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Brannforebyggar
Vil du bidra til eit tryggare lokalsamfunn? Ørsta brann og redning har, frå 01.08.26, ledig stilling som brannforebyggar i Ørsta kommune.
Vi søkjer ein engasjert og serviceinnstilt brannførebyggjar (feiar) som ønskjer å arbeide med førebygging av brann og auka tryggleik for innbyggjarane våre.
Som brannførebyggjar er du ein viktig del av kommunen sitt lovpålagde brannførebyggjande arbeid og bidreg til å sikre branntryggleiken i kommunen. Stillinga gir deg ein variert arbeidskvardag der du møter innbyggjarar i alle aldrar gjennom tilsyn, feiing og informasjon om branntryggleik.
Arbeidsoppgåver
- Feiing og fresing av fyringsanlegg.
- Gjennomføring av tilsyn med fyringsanlegg til oppvarming.
- Kartlegging og vurdering av branntryggleik knytt til fyringsanlegg.
- Informasjon og rettleiing om forebygging av brann.
- Registrering, dokumentasjon og sakshandsaming i aktuelt fagsystem.
- Delta i anna forebyggande arbeid ved behov.
- Bidra til utvikling av det forebyggande arbeidet i Ørsta brann og redning.
Krav
- Du må ha fagbrev som brannforebygger (feiar), eller relevant bakgrunn med vilje til å gjennomføre nødvendig utdanning innan 3 år.
- Du må inneha førarkort klasse B.
- Du må meistre digitale verktøy og fagsystem.
- Du må ha god munnleg og skrifteleg framstillingsevne på nynorsk.
- Du må ha helse som er foreinleg med arbeid i høgda og fysisk krevjande oppgåver.
Ferdigheter
Feiing og fresingTilsyn med fyringsanleggBrannførebyggingDokumentasjon og sakshandsamingServiceinnstillingKommunikasjonsevnerDigital kompetanse
Erfaring
mid-level