Autosøk
Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF logo

Psykiatrisk sjukepleiar/helsesjukepleiar/barn-/pediatrisjukepleiar

Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Kløvertunvegen, 6100 Volda

Stillingsbeskrivelse

Psykiatrisk sjukepleiar/helsesjukepleiar/barn-/pediatrisjukepleiar

Ved Psykisk helsevern for barn og unge, poliklinikken i Volda (BUP) vil det frå hausten 2026 vere ledig 1 fast stilling for sjukepleiar. Oppstartdato etter nærare avtale med leiar.

Den som vert tilsett vil samarbeide med ADHD-sjukepleiar og legegruppa vår i høve utprøving av ny tilnærming til utgreiings- og behandlingsarbeid for pasientar med ADHD. Det vert gode høve for å vere med i fagleg utviklingsarbeid knytt til dette tilbodet. Den som vert tilsett vil motta naudsynt opplæring.

Arbeidsoppgåver

  • Bistå i oppfølging av medikamentell behandling
  • Pasientoppfølging i samarbeid med legar og andre aktuelle fagpersonar
  • Støtte og rådgjeving til barn, unge og familiar, samt samarbeid med førstelinetenesta
  • Veiledning og konsultasjon til pårørande og ulike samarbeidspartar

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Krav

  • Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Det er ynskjeleg med vidareutdanning som psykiatrisk sjukepleiar, helsesjukepleiar eller pediatrisjukepleiar.
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern for barn/unge, vaksne, barnevern eller PPT vert vektlagt.
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Du må ha god kjennskap til lover og forskrifter.
  • Politiattest må framleggast ved tilsetjing.

Ferdigheter

Psykisk helsearbeid for barn og ungeMedikamentell oppfølgingTverrfagleg samarbeidVeiledning og rådgjevingUtgreiing og behandling av ADHDKommunikasjonsevnerDatakunnskapar

Erfaring

mid-level

Lignende jobber