Autosøk

Stillingsbeskrivelse

Overlege

Vi søkjer no ein ny kollega som vil vere med å vidareutvikle eit heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod for ei kompleks pasientgruppe ved Klinikk sikkerheitspsykiatri. Klinikken er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen.

Arbeidet i klinikken er prega av tett tverrfagleg samarbeid, med tid til rettleiing, faglege diskusjonar og fordjuping i pasientarbeidet. Vi legg stor vekt på langsiktige relasjonar, kontinuitet og stabilitet i behandlinga.

Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar for pasientar ved Lokalt sikkerheitsnivå med hovudstilling i Sikkerheitspoliklinikken.
  • Deltaking i inntaksteamet på Lokalt sikkerheitsnivå.
  • Klinisk verksemd med utgreiing, diagnostisering og behandling av psykiske lidingar, valdsrisikovurderingar og handtering.
  • Gje rettleiing til øvrig personell, kommune og andre samarbeidspartnarar.
  • Delta i det tverrfaglege arbeidet ved klinikken, samt på tvers i divisjonen.

Krav

  • Du må ha norsk autorisasjon som lege med spesialitet innan psykiatri.
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Du må kunne leggje fram vandelsattest før tilsetjing.
  • Du må inneha førarkort.
  • Erfaring frå sikkerheitspsykiatri, rettspsykiatri og rehabilitering vil bli vektlagt.

Ferdigheter

PsykiatriSikkerheitspsykiatriRettspsykiatriValdsrisikovurderingDiagnostiseringTverrfagleg samarbeidRettleiing

Erfaring

senior

Lignende jobber