Autosøk
Høgskulen på Vestlandet logo

Rådgivar/seniorrådgivar innan informasjonssikkerheit

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28, 5063 Bergen

Stillingsbeskrivelse

Rådgivar/seniorrådgivar innan informasjonssikkerheit

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for informasjonsteknologi og -tenester har ledig fast stilling i 100 % som rådgivar/seniorrådgivar innan informasjonssikkerheit. Informasjonsforvaltning og -sikkerheit (ITFS) gir fagleg støtte til heile HVL innan informasjonsforvaltning, arkiv og informasjonssikkerheit.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Handtere og følgje opp sikkerheitshendingar og beredskapsprosessar i samarbeid med CISO
  • Forvalte og vidareutvikle LIS (leiingssystem for informasjonssikkerheit), inkludert styrande dokumentasjon, tiltak og policyar i tråd med ISO 27001:2022
  • Oppdatere rutinar og sikkerheitspolicyar i tråd med nye krav og behov
  • Bidra i det praktiske sikkerheitsarbeidet - frå risikovurderingar til handtering av hendingar
  • Vere ein pådrivar for ein sterk sikkerheitskultur i HVL
  • Rettleie tilsette i risikovurderingar og praktisk sikkerheitsarbeid
  • Bidra til at sikkerheit vert opplevd som ein verdidrivar - ikkje ei hindring

Krav

  • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis mastergrad, minimum bachelorgrad, innan informasjonssikkerheit, informasjonsvitskap, informatikk eller tilsvarande IT-relaterte fagområde.
  • Erfaring med IT-sikkerheit, gjerne frå utvikling eller arkitektur.
  • Erfaring med ISO 27001.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (minimum B2).
  • Må kunne autoriserast for begrensa, i samsvar med sikkerheitslova.

Ferdigheter

InformasjonssikkerheitISO 27001RisikovurderingBeredskapsprosessarIT-arkitekturSikkerheitskulturDokumentasjonskrav

Erfaring

mid-level

Lignende jobber