Bli spesialetterforskar i Vest politidistrikt! Ver med på å bekjempe økonomisk kriminalitet i eit engasjerande miljø.
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Bli spesialetterforskar i Vest politidistrikt!
Ver med på å bekjempe økonomisk kriminalitet i eit engasjerande miljø.
Om stillinga
I Vest politidistrikt, Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø- og arbeidsmarknadskriminalitet, Avsnitt for etterforsking av økonomisk kriminalitet, er det ledig ei eller fleire faste stillingar som spesialetterforskar. Stillingane er plasserte i Bergen, og det må påreknast noko reiseverksemd i heile politidistriktet.
Avsnittet skal førebyggje, avdekkje og etterforske økonomisk kriminalitet, i tillegg til å gje fagleg støtte innan finansiell etterforsking til avdelingar i heile politidistriktet. Som tilsett i stillinga vil hovudoppgåva di vere etterforsking av økonomisk og anna profittmotivert kriminalitet.
Arbeidsoppgåver
- Utføre etterforskingsoppgåver innanfor økonomisk kriminalitet.
- Ansvar for etterforsking og framdrift i eigne straffesaker.
- Utføre etterforskingsarbeid med tilrettelegging og utføring av ulike finansielle analysar.
- Samarbeide med påtalemakta i retten.
Krav
- Du må ha utdanning frå høgskule eller universitet på minimum bachelornivå innan relevant fagfelt.
- Du må ha minimum 3 års relevant arbeidserfaring.
- Du må ha gode IT- og systemkunnskapar.
- Du må ha god forståing for regnskap og finansiell rapportering.
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet.
- Du må ha gode munnlege og skriftlege ferdigheiter på norsk.
Ferdigheter
Lønn
760 000 NOK per year + 44 708 NOK in ATB
Erfaring
mid-level