Autosøk

HR-rådgjevar

Bufetat

Solheimsgaten 11, , 5058 Bergen

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Ved HR-seksjonen i staben i Bufetat, region vest, har vi ledig fast 100 % stilling som HR-rådgjevar. Stillinga er ledig umiddelbart.

HR-seksjonen består for tida av åtte medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring, som legg stor vekt på samarbeid og fagleg utvikling. Seksjonens leveransar er prega av høg kvalitet og mål om gode løysingar for organisasjonen.

Som HR-rådgjevar har ein oppgaver innan heile HR-fagfeltet. Sentrale oppgåver er rådgjeving og rettleiing opp mot leiarlinja med omsyn til heile personalløpet. Ein deltek og i sakshandsaming på ulike områder som rekruttering, sjukefråvær og personalsaker. Rådgjevarane deltek vidare i oppgåver knytt til implementering av nye rutinar, metoder og verkty. Ein deltek også i planlegging og gjennomføring av organisatoriske prosessar t.d. knytt til omstilling eller arbeidsmiljøutvikling.

Noko reiseverksemd må påreknast.

Oppgåver vil mellom anna vere:

  • Rådgjeving og rettleiing innan heile HR-fagområdet.
  • Støtte i rekrutteringsprosessar.
  • Planlegging og deltaking i gjennomføring av ulike organisasjons- eller implementeringsprosessar.
  • Rådgjeving og oppfølging av HMS.
  • Rettleiing og støtte i personalsaker og sjukefråværssaker.
  • Opplæring av leiarar.
  • Prosjektleiing-/deltaking i tverrfaglege utviklingsoppgåver.

Krav

  • Utdanning på masternivå innan HR, administrasjon, sosiologi, jus, leiing eller økonomi (bachelor med relevant vidareutdanning kan vurderast).
  • Minimum 5 års relevant HR-erfaring i arbeidslivet.
  • Erfaring frå prosjektleiing, prosessleiing og kontinuerlig forbetring.
  • Erfaring med organisasjonsutvikling og fagutvikling.
  • Gode norskkunskaper med god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Gode IKT-kunnskapar og erfaring med dokumentasjon.

Ferdigheter

HR-rådgjevingRekrutteringHMS-oppfølgingPersonalsaker og sjukefråværsoppfølgingProsjektleiingOrganisasjonsutviklingLeiarstøtteProsessleiing

Lønn

610 000 - 820 000 NOK

Erfaring

senior

Lignende jobber