Sign in to auto-apply
Stillingsbeskrivelse
Vil du bli ein del av Lingalaks?
Lingalaks søkjer etter engasjert driftsleiar til lokalitetane våre i Hardanger.
I Lingalaks jobbar me tett på kvarandre og ynskjer at kvar enkelt skal ha moglegheit til å påverka produksjon og retning for selskapet. Hos oss er det viktig at ansatte opplever meistring og personleg utvikling. Derfor jobbar me for at den enkelte skal ha ein variert arbeidskvardag med ansvar og meining.
Du vil ha det overordna ansvaret for områdets produksjon og at ressursane vert nytta på ein optimal måte for å oppnå selskapets målsetjingar. Du vil ha stor mogleheit til å arbeida sjølvstendig innanfor våre rammar. Stillinga rapporterer til produksjonsleiar.
Viktigaste arbeidsområde:
- Planlegging, drift og oppfølging av 2/3 lokalitetar
- Planlegging og oppfølging av vedlikehald av båtar, utstyr og anlegg
- Koordinere, organisere og leia personell og operasjonar
- Setje mål og rapportere for sitt ansvarsområde
- Personal- og HMS-ansvar for avdeling
Krav
- Du må ha fagbrev eller høgare utdanning innan akvakultur eller tilsvarande.
- Du må ha maritim erfaring eller erfaring frå fiskeoppdrett.
- Du må ha evne til å leie andre, planleggje, koordinere og gjennomføre.
- Du må vere strukturert, nøyaktig, handlekraftig og løysningsorientert.
- Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Ferdigheter
AkvakulturDriftsleiingHMS-ansvarPersonalansvarProduksjonsplanleggingMaritim erfaring
Erfaring
mid-level,job_category: